Bookmark and Share

Jondal kan få dagsturhytte

Både gamle Jondal, Odda og Ullensvang kan få kvar si dagsturhytte.

Sigbjørn L inga linga@hf.no

Ullensvang kommune planlegg å melda seg på det fylkeskommunale prosjektet. Formannskapet slutta seg torsdag til eit framlegg om å søkja om tre hytter i kommunen – éi i kvar av dei tidlegare kommunane som utgjer Ullensvang.

Kommunestyret skulle etter planen ha avgjort saka 25. mars, men dette møtet er utsett som eit av koronatiltaka.

– Ein fantastisk gåvepakke. Dette har vore ein stor suksess i Sogn og Fjordane, seier sakshandsamar og kultursjef Else Marie Sandal om hytteprosjektet.

Ho seier at Ullensvang har fått grønt lys i fylkeskommunen for å søkja om tre hytter. Framleis ligg det an til ein diskusjon om plasseringa, men ein unngår i alle fall ein eventuell krangel om lokalisering av berre éi hytte i heile kommunen.

Kontaktar lag

Ifølgje føringane bør hyttene liggja maksimalt 15–20 minutts køyring frå sentrum, nær skular og barnehagar og vera mogelege å nå med kollektivtransport. Eit barn skal kunna gå til hytta på ein halvtime. Fylkeskommunen ynskjer brei medverknad i plasseringsdebatten.

I Kvam har ein lyst ut høvet til å koma med innspel. Så langt er ein ikkje komen i Ullensvang, men Sandal har hatt og skal ha møte med fleire organisasjonar, mellom anna turlaget, om plasseringa.

I Jondal har ho teke kontakt med frivilligsentralen som koordinator og bindeledd. Vona er å få innspel frå lag og organisasjonar som har interesse av tiltaket. Det er uvisst når eventuelle møte kan avviklast på grunn av virustiltaka.

Sandal spår at plasseringa vert ein både spanande og kanskje krevjande prosess. Eit viktig poeng er at grunneigarar bør vera informerte dersom deira område vert vurdert, seier ho.

Ho reknar med at det før eller sidan vert eit ope møte om saka, men på grunn av koronasituasjonen er dette litt i det blå. Uansett er Sandal open for innspel om plasseringa allereie no. Vona er at avgjerda er teken før sommaren.

Måtte venta

Sandal seier at ho gjerne skulle ha teke opp saka politisk tidlegare, men at det har vore så mange saker til handsaming i månadene etter kommunesamanslåinga at det ikkje var mogeleg. Leiinga ynskte ikkje å ta saka opp i fellesnemnda i haust.

Innan september må kommunen ha inngått ein kontrakt med fylkeskommunen, som tek seg av praktiske ting knytte til utlysing og tildeling av oppdraget med å byggja hyttene. Kommunen må inngå kontrakt med leverandøren og vera byggherre.

Må forankrast

Ein føresetnad for deltakinga er at tiltaka er forankra i det kommunale handlingsprogrammet for idrett og fysisk aktivitet. Rådmannen og formannskapet tilrår å både ta det inn der og søkja om spelepengar i løpet av dei to neste åra. Kvar hytte vil elles verta teken opp som eiga sak med plassering, bruksavtale, driftsavtale og budsjett, ifølgje framlegget.

Kommunen må få avtale med grunneigar og avtale med ein eller fleire organisasjonar om drift av og tilsyn med hyttene. Om ei bestemt plassering fører til slike avtalar, vert ho prioritert. Også gode parkeringstilhøve er eit kriterium.

Do og bibliotek?

Modulhyttene på om lag 15 rutemeter er eit lågterskeltilbod til turgåarar som ynskjer ein stad å eta nista og varma seg. Dei skal setja minst mogeleg fotavtrykk og stå på pålar på ei flat tomt. Dei får omn, solcellepanel og kanskje bibliotek og biologisk toalett.

Fylkeskommunen har løyvt til saman to millionar kroner i stønad til hytter i år, og det er framleis ledige pengar til fem hytter. Kvar skal kosta maksimalt éin million kroner. Fråtrekt spelepengar, fylkeskommunal stønad og tilskot frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vert den kommunale eigendelen på 167.000 pluss kostnaden med tilrettelegging av tomta. I tillegg må ein rekna med litt driftsutgifter, ifølgje rådmannen.

Hereiane: Gamle Jondal kan få ei av tre dagsturhytter i Ullensvang kommune, men fyrst må diskusjonen plasserast.

Bookmark and Share